Kanskje litt uaktuell denne her just nu, men for å sparka i gong denne bloggen dreg eg fram mi oppgåve i RET101, innføringsfaget i retorikk ved Universitetet i Bergen. Oppgåva gjekk ut på å skriva ein praksistekst og ein retorisk rapport, så her kjem praksisteksten;

(Praksistekst i semesteroppgåve i allmenn retorikk (RET101) ved UiB vår -05. Debattinnlegg i den pågåande debatten rundt nynorsk, kronikk/ lesarinnlegg.)

Du pratar som ein bonde!
Linn Katrine Erstad,
Student og nynorskbrukar

Nynorsk er teit. Slik er det berre. Det er vanskeleg å forstå, det er tungvint, og det er fullstendig tullete at nordmenn skal måtte beherske to skriftspråk for å kunne bestå vidaregåande utdanning.

Alle hatar nynorsk, bortsett frå dei som brukar det, sjølvsagt. Men til og med enkelte av dei hatar nynorsk. Mest fordi det er teit – for skriv du teit, er det ein stor fare for at mange oppfattar deg som teit, og det vil ein jo helst prøve å unngå. Mest sannsynleg synes dei nok du var teit i utgangspunktet, – sidan du pratar dialekt, men skriv du normalt kan du i det minste unngå at dei som ikkje har prata med deg syns du er teit.

Nynorsk er eitt av dei obligatoriske debattemna som kjem opp frå tid til tid, og dei aller fleste nordmenn har eit personleg forhold til det. Hos dei som ikkje sjølv brukar det, er det særleg to syn som skil seg ut;

1. Nynorsk er teit. Nynorsk er vanskeleg, og sidan alle forstår bokmål ser eg ingen grunn til at me skal gjere det vanskelegare enn det er.
2. Nynorsk er eksotisk. Nynorsk minner meg om svunne tider, romantisk bondeland, og det er nesten som eg høyrer hardingfela klinge, ølkruset gå, og bunadsstakken suse. Og eg lyttar gjerne til Sidebrok. Det er nesten litt som italiensk – eg forstår ikkje kva dei seier, men det kling fantastisk.

Stryk det som ikkje passar for deg.

Diskriminering og språktrakkasering av nynorskbrukarar, til dømes på arbeidsplassen, er sjeldan særlig brutal, og ikkje noko å skriva i avisa om. Men eg meiner bestemt at denne usynlige diskrimineringa er med på å sakte men sikkert drepe nynorsken. Det tek ei stund å ta livet av nokon med knappenål, men du klarar det til slutt. Studentar får ikkje eksamensoppgåver på nynorsk. VG og Dagbladet nektar sine tilsette å skrive nynorsk i avisene Og Solveig Kloppen akkompagnerer etterlikninga av sogndalsdialekta til Idol-Eva med eit solid, bondete underbitt.

Kor tid såg du sist noko på TV som var teksta på nynorsk, dersom du ser vekk frå ”Med hjartet på rette staden” eller eit program som handlar om treskjering?

Me sitt ikkje lenger på kvar vår topp og knotar på eigne språk som er umogleg for andre enn dei innvigde å forstå. Brureferd i Hardanger treng ikkje lengre å gå sjøvegen. Skal me på ferie, er svært sannsynlig at me reiser lengre enn til tante og onkel i dalstroka innanfor. Me lever i ein global landsby, der nordmenn flest pratar både norsk, engelsk og html, så kommunikasjonsproblem, i dobbel forstand, skulle vel for lengst vere eit tilbakelagt stadium. Og likevel møter me stadig bokmålsbrukarar som verken kan eller vil forstå eitt av to nasjonale skriftspråk?

Kor bevisst vil du seie at du er på dine eigne haldningar rundt nynorsk? Du har nok allereie meldt deg inn i ei av dei to gruppene, anten med dei som meiner nynorsk er teit eller dei som ser den som eksotisk, men vil du vera deg kjend med å ta ei avgjersle på eit så tynt grunnlag? Skal me avgjere om me vil stemme Høgre eller ikkje på grunnlag av kva me syns om ballongane deira og Erna Solberg? Nynorsken blir, liks med kvinnene, kvotert inn i mørke rom, der mørke dressar meiner korte skjørt overhovudet ikkje høyrer heime. Dei blir jo ikkje mindre teite av den grunn. Og då hjelper det lite.

”Slutt å klag!”, seier VG og Dagbladet. I lys av Noregs Mållag sin pågåande kampanje, ”Slepp til nynorsken!”, har dei to riksavisene måtta forsvare målpolitikken sin, som inneber at alt redaksjonelt stoff lyt skrivast på bokmål. Aftenposten ser ein annan veg. ”Men,” seier VG og Dagbladet, ”På debattsidene våre kan kven som helst skrive! Og der kan de gjerne skrive nynorsk!”

Det var jammen godt. No kan me alle få nynorskinnlegga våre på trykk i Akersgata. Men stopp opp ein augneblink, og tenk på nynorskjournalisten. Ho som har kome seg gjennom utdanninga utan å miste taket på skriftspråket sitt, og endeleg har fått draumejobben i ei riksavis. I det nynorskjournalisten står klar med penn og papir og bankar lystig på avisa si høge dør, lyser plutseleg ei utstrekt, men flat og avvisande hand mot henne. ”Stopp!” seier redaktøren, ”Du kjem ikkje inn her med den lusekufta! Her er det slipstvang!”

Utanpå er me like, og mange vil helst ha oss like inni òg. Samnorskdraumen består, og kva framtida vil vise veit ingen. Men slik har me det altså i dag – to skriftspråk, mange ulike dialektar. Heldigvis er nynorskbrukaren fleksibel, og har skapet fullt av slips. Men er det greitt at bokmålsbrukarar landet over skal få peike og le av nynorskbrukaren i fullt dagslys?

”Lesarane våre vert forvirra!” seier Dagbladet frå si side av sandkassen, mens dei slengjer ein hundedrit i retning Noregs Mållag med ein spade. ”Nynorsk er tøft! Heia nynorsk!” svarar Mållaget. Eg ser på dei, og spør ”Kan me vere så snille å få nynorskdebatten opp på eit anna nivå?”

(Praksisteksten er datert til 12. mai 2005.)

lastebil